Alle advokatar og rettshjelparar som har rekneskaps- og rapporteringsplikt, har ansvar for at føretaket der vedkommande driv advokat-/rettshjelpsverksemda si frå, sender inn skjemaet «Eigenerklæring med revisorfråsegn» til Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Det er den i føretaket med signaturrett som fyller ut og signerer skjemaet på vegner av advokaten/rettshjelparen.

Start teneste

Om denne tenesta

Se tilsynet.no for innsendingsfrist.

Alle rekneskaps- og rapporteringspliktige advokat- og rettshjelpsføretak.

For å fylle ut denne tenesta må du har rolla Avgrensa signeringsrett, og for å signere må du ha rolla Ansvarleg revisor eller Dagleg leiar.

Tenesta krev innlogging på tryggleiksnivå 2.

I skjemaet svarer føretaket på spørsmål om korvidt kontrollopplegget og behandlinga av tiltrudde midlar (klientmidlar) har vore i samsvar med advokatforskrifta kapitla 3 og 3 a føregåande rekneskapsår. I tillegg skal føretaket gi opplysningar om tiltak som er sette i verk for å førebyggje og avdekkje kvitvasking og terrorfinansiering i samsvar med kvitvaskingsregelverket.
I skjemaet skal i tillegg føretakets revisor komme med ei fråsegn om korvidt klientmiddelhandteringa har vore i tråd med regelverket.

Kontaktinformasjon

Tilsynsrådet for advokatvirksomhet:

Telefon: 22 00 75 00.
E-post: post@tilsynet.no

Åpne kontaktskjema