Utanrikshandel med tenester samt kjøp og sal av varer utanfor Noreg (RA-0692 )
Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om norske føretak sine økonomiske forbindelsar med utlandet. Slik informasjon er viktig for Noregs utanriksrekneskap, og for å kunne møte nasjonale og internasjonale rapporteringsforpliktingar til institusjonar som Noregs Bank, Eurostat, IMF, OECD og FN.
Kor ofte skal skjemaet sendast inn?
Kvartalsvis.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Kven skal sende inn skjemaet?
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ei av desse tilgangspakkene: "Rapportering av statistikk", "Rekneskapsførar med signeringsrett", "Rekneskapsførar utan signeringsrett", "Rekneskap og økonomirapportering" eller "Ansvarleg revisor".
Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Korleis finne skjemaet?
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg under «Sendt».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» og trykkje på «Lag ny kopi».
Aktuelt regelverk
Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her