Føretak som skal svare på undersøkinga RA-0532, vil også motta skjemaet RA-0532-1. Føretaka skal gi opplysningar om kva verdsettingsmetodar som ligg til grunn for rapportering av investeringar i aksjar og delar i utlandet til RA-0532. Opplysningane blir nytta til å belyse økonomien til norske føretak i forhold til utlandet, og utgjer ein viktig del av utanriksrekneskapen og sektoren utland i nasjonalrekneskapen.

Til innboksen

Om denne tenesta

Enkeltståande undersøking. Blir sendt ut ved behov.

Berre føretak som er bedt om å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Ansvarleg Revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Rekneskapsmedarbeidar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

 

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her.

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema