Verksemder innanfor industri og bergverk som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om produksjon, kapasitetsutnytting, sysselsetting, ordretilgang, marknadsprisar, investeringsplaner med meir. Opplysningane blir samanlikna med den førre perioden, situasjonen ved utgangen av rapporteringsperioden og forventa utvikling i kommande periode og blir nytta til å gi eit bilde av konjunktursituasjonen for industri og bergverksdrift.
Til innboksenKvartalsvis.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre verksemder (undereiningar/avdelingar) som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
Du som skal fylle ut og sende inn skjemaet, må anten ha ein enkeltrett eller rett rolle i Altinn. Dette skjemaet krev ei av desse rollene: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Rekneskapsmedarbeidar.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
For føretak med fleire verksemder (undereiningar/avdelingar) ligg skjemaet i verksemda sin innboks. For å komme til verksemda sin innboks, logger du først inn i Altinn. Deretter trykker du på ikonet øvst i høgre hjørne. Vel «Vis alle aktørar». Merk av i boksen «Sjå alle undereiningar». Her vel du den aktøren (verksemda) du skal svare for.
For føretak med éi verksemd blir skjemaet sendt til føretaket sin innboks (det juridiske organisasjonsnummeret). Dette skjemaet er merkt med verksemda sitt organisasjonsnummer på den første sida i skjemaet.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».