Formålet med undersøkinga er å samle inn data i samanheng med produksjon av statistikkane som inngår i Produsentprisindekser for tenester (TPPI). Desse statistikkane blir brukte til å måle utviklinga i prisane på tenester retta mot både konsumentar og næringslivet.

 

Til innboksen

Om denne tenesta

Kvartalsvis

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Rekneskapsmedarbeider.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

 

 

Åpne kontaktskjema