Overnattingsverksemd på utleigeeiningar, tidlegare hyttegrender (RA-0366)
Alle verksemder/undereiningar med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, vandrarheim, rorbuer m.m.) med 10 eller fleire sengeplassar, skal gi informasjon om tilgjengeleg kapasitet, talet på gjester og overnattingar. Opplysningane blir nytta til å kartleggje nivået og utviklinga for den kommersielle overnattingstrafikken så fullstendig som mogleg.
Månadleg
Svarfristen er 10 dagar etter utgangen av teljingsmånaden.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Overnatting», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
For føretak med fleire verksemder (undereiningar/avdelingar) ligg skjemaet i verksemda sin innboks. For å komme til verksemda sin innboks, logger du først inn i Altinn. Deretter trykker du på ikonet øvst i høgre hjørne. Vel «Vis alle aktørar». Merk av i boksen «Sjå alle undereiningar». Her vel du den aktøren (verksemda) du skal svare for.
For føretak med éi verksemd blir skjemaet sendt til føretaket sin innboks (det juridiske organisasjonsnummeret). Dette skjemaet er merkt med verksemda sitt organisasjonsnummer på den første sida i skjemaet.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjemaet?
Meir informasjon finn du her