Alle føretak innanfor næringane 06 og 49.500 etter Standard for næringsgruppering 2007 som er med i undersøkinga, og som er registrerte med aktiv verksemd i Noreg i statistikkåret, skal gi opplysningar om driftskostnader fordelt på ulike postar, og enkelte driftsinntektspostar. Opplysningane blir nytta til å måle den økonomiske aktiviteten i næringane.
Til innboksenÅrleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg Revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».