Formålet med undersøkinga er å utarbeide indeksar over månadleg omsetning og produksjon i tenestenæringane.
Til innboksenMånadleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Føretak som er valt ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om omsetning (salsinntekter av varer og tenester) frå det enkelte føretak kvar månad. Opplysningane blir brukte til å lage ein månadleg omsetningsindeks og ein månadleg produksjonsindeks for tenestenæringane.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".