Statistisk sentralbyrå (SSB) treng opplysningar for å kartleggje føring av leigeavtalar etter Internasjonal Financial Reporting Standards (IFRS) 16. Dataa skal brukast for å fastsetje rekneskapsmessige effektar av overgang til IFRS 16, og for å gjere nødvendige justeringar i variablane i statistikkane Næringane si økonomiske utvikling og Elektrisitetsnæringa si økonomiske utvikling. Justeringar er også viktige for å få korrekte data for årleg nasjonalrekneskap.
Til innboksenÅrleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Rekneskapsmedarbeidar eller Kontaktperson for NUF.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".