Statistisk sentralbyrå (SSB) samlar kvart år inn oppgåver frå eit utval av jordbruksbedrifter i landbruket. Undersøkinga er årleg med varierande tema år for år. 

Til innboksen

Om denne tenesta

Årleg

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

SSB sender undersøkinga til eit utval på omtrent 7 000 jordbruksbedrifter. Aktive jordbruksbedrifter som har søkt om produksjonstilskot i jordbruket, skal svare på undersøkinga. Jordbruksbedrifter som ikkje har søkt om tilskot, men som driv aktivt innanfor jord- og hagebruk, skal også svare.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn:

Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema