Kollektivtransport - fylke kvartal (RA-0759)
Føretak innanfor kollektivtransport som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om talet på passasjerar og billettinntekter etter transportform. Opplysningane blir nytta til å utarbeide kvartalsvise oppdaterte nøkkeltal om kollektivtransporten og belyse omfanget av og kvaliteten på kollektivtransporten; det gir grunnlag for prioriteringar i både statsbudsjettet og fylkeskommunale budsjett og planar.
Kvartalsvis.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Veitransport», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjemaet?
Meir informasjon finn du her