Jernbanetransport år passasjer (RA-0803)
Undersøkinga spør føretak som opererer på norske jernbaneskjener, etter opplysningar om passasjertransport. Opplysningane blir brukte til vidare rapportering til Eurostat etter EU si jernbaneforordning 2018/643, og til å oppdatere nøkkeltal i statistikkane for jernbane- og kollektivtransport.
Årleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Jernbanetransport», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjemaet?
Meir informasjon finn du her.