Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Innfin-Tilleggsspesifikasjonar

Inneheld diverse tilleggsspesifikasjonar til balanse og resultat for finansieringsføretak, forsikringsselskap og pensjonskassar. Informasjonen dannar blant anna grunnlag for tilsynet med institusjonane og finansmarknadane. Rapporteringa blir nytta i offisiell statistikk, blant anna til nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, og til internasjonal rapportering til BIS, Eurostat, IMF, OECD etc.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg

For ORBOF og PORT er 31. mars innleveringsfristen for år. For FORT er innleveringsfristen for år 15. april.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Finansiering og forsikring», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett»  eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».

Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her

Tilgjengelegheitserklæring