Godstransport med norske lastebilar (RA-0485)
Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om talet på turar, transportmengd og vareslag med meir for eit utval av norskregistrerte godsbilar med nyttelast på 3,5 tonn eller meir. Opplysningane blir nytta til å lage ein statistikk om lastebilnæringa og belyse transportaktiviteten til norske lastebilar i Noreg og utlandet.
Kvartalsvis.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane:«Veitransport», «Rapportering av statistikk», «Kontaktperson NUF», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjemaet?
Meir informasjon finn du her