Felles vedleggsløysing (RA-1000)
RA-1000 er eit vedleggsskjema som blir nytta til fleire undersøkingar der data skal leverast via vedlegg. Bruk av skjemaet skjer etter avtale med Statistisk sentralbyrå og vedlegget skal vere i tråd med spesifikasjonar gitte av Statistisk sentralbyrå.
Skjemaet skal berre brukast i tråd med motteken informasjon frå Statistisk sentralbyrå.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Finansiering og forsikring», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Meir informasjon finn du her.
Kontaktinformasjon
E-post: datafangst@ssb.no
Telefon: 62 88 51 90