Sendast inn: Ved behov
Dersom skjemaet Søknad om verjegodtgjering blir sendt inn med feil, kontakt ditt lokale verjemålsorgan. Finn din statsforvaltar på
Søknad om verjegodtgjering kan sendast inn av verja.
Skjemaet sendast inn som privatperson. Skjemaet krev innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare .
Lov om vergemål (vergemålsloven) http://www.lovdata.no/all/hl-20100326-009.html
§ 30. Godtgjøring for vergeoppdraget og dekning av utgifter - http://www.lovdata.no/all/hl-20100326-009.html#30
Skjema for søknad om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget.
Som verje har du krav på godtgjering for arbeidet og rett til å få dekt nødvendige utgifter etter fastsette satsar. Storleiken på godtgjeringa er avhengig av om du er fast verje eller alminneleg verge, og av mandatet for verjemålet. Det er mogleg å søke om godtgjering time for time dersom omfanget av oppdraget tilseier det. Verja må da dokumentere at fastsett årleg sats ikkje er nok, og timeforbruket må dokumenterast i eit eige tidsrekneskap. I tillegg fastsett sentralt verjemålsorgan ein fast årleg sats til dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget. Verja kan søke om utvida dekning dersom utgiftene i monaleg grad overstig fastsett sats.
Dersom du er verje for eigne barn, forelder eller ektefelle/sambuar, har du normalt ikkje rett på godtgjering. Dersom du meiner at særlege grunnar tilseier at du bør få godtgjering, kan du likevel søkje om dette.
Ved faglige spørsmål, finn riktig kontaktperson i lokal vergemålsmyndighet