Om denne tenesta

Arbeidsgivar skal bruke skjemaet når ein tilsett døyr eller skal gå av med alderspensjon, AFP eller uførepensjon. Vi må få meldinga  seinast 3 månader før pensjoneringsdatoen. Etter dødsfall må vi få meldinga så raskt som mogleg.

Arbeidsgivar må sende inn pensjonsmeldinga seinast 3 månader før pensjoneringsdatoen.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Lønn og personalmedarbeidar, eller følgjande rettar som ligg under denne rolla:

  • Retten Les og Signer i tenesta arbeidsgivarportalen/"Min virksomhet"
  • Rettane Les og Skriv i tenesta pensjonsmeldingsskjema

Manglar du desse rollene eller rettane, må du kontakte den i di verksemd som kan tildele roller og rettar.  Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Du kan ikkje sende med vedlegg når du sender inn pensjonsmeldingsskjemaet via Altinn.

Om det gjeld uførepensjon, har arbeidstakaren ansvar for å sende eigen søknad. Skjema finns på Min side på spk.no

For meir informasjon om pensjonering, sjå Slik pensjonerer du ansatte.

Når ein tilsett skal pensjonere seg, må du som arbeidsgivar sende inn eit pensjonsmeldingsskjema til Statens pensjonskasse. Skjemaet skal du bruke når den tilsette først pensjonerer seg og når det skal gjerast endringar i pensjonen. Du skal bruke det same skjemaet ved alle typar pensjon.

Åpne kontaktskjema