Eit universalskjema for rapportering av tredjepartsopplysningar.

Start teneste

Om denne tenesta

Periodisk

  • 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar og grunnlagsdata.
  • 20. oktober: Siste frist for korrigeringar for føregåande inntektsår

Se Skatteetaten sine sider for øvrige frister.

Merk: Oppgåver som vert leverte etter fristen året etter inntektsåret, er for seint leverte, og oppgåvegjevar kan verta pålagd tvangsmulkt.

Korrigering og sletting

For meir informasjon om korrigering og sletting, sjå rettleiingane under for dei enkelte grunnlagsdataområda på www.skatteetaten.no/tredjepartsopplysninger

Næringsdrivande og andre verksemder som er omfatta av plikta til å rapportere tredjepartsopplysningar til Skatteetaten kan nytte tenesta.

Vedlegget skal vere i formatet XML. Det er mogleg å rapportere oppgåver for fleire opplysningspliktige i éi fil. Kvar enkelt fil som skal lastast opp som eit filvedlegg på Altinn, kan maksimalt vere på 200 MB (etter pakking til zip).

Formatskildringar finn du ved å velja ei grunnlagsdataordning på Skatteetatens nettside

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla  Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.

Skjemaet består av desse delane:

  • Type tredjepartsopplysningar
  • Opplysningar om oppgåvegivar
  • Vedlegg
  • Kontroll av skjema
  • Signering og innsending

Treng du hjelp?

Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)

Åpne kontaktskjema