Fristen for å søkje om utsetjing for levering av skattemeldinga for næringsdrivande for inntektsåret 2022 er 31.05.2023. Skjema for søknad om utsett frist for inntektsåret 2022 er tilgjengeleg frå 02.01.2023 til og med 31.05.2023.
Skjemaet skal sendast inn av næringsdrivande som søkjer utsett leveringsfrist for RF-1030 for næringsdrivande, RF-1028, RF-1215 eller RF-1245.
Skjema kan ikkje brukast av skattepliktige etter petroleumsskatteloven som leverer skattemelding RF-1323. Dei må kontakte Oljeskattekontoret for å søkje om utsetjing.
Rekneskapsførarar og revisorar som bistår næringsdrivande klientar kan søkje om utsetjing for sine klientar ved å levere RF-1113 elektronisk via Altinn.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering kan du gjøre med rolla Avgrensa signeringsrett, Rekneskapsførar med signeringsrett, Revisorrett eller Ansvarleg revisor.
Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000