Bestillingsskjemaet skal nyttast av verksemder som ønskjer å knyte seg til det moderniserte Folkeregisteret



Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal nyttast dersom verksemda ønskjer tilgang eller har behov for å endra tilgang til folkeregisteret. Skjemaet skal også brukast for dei som har behov for å få sletta tilgangen sin til folkeregisteret.

Alle verksemder med eit norsk organisasjonsnummer kan bruke skjemaet.

Både verksemder som allereie har tilgang til opplysningar frå folkeregisteret via Skatteetaten sin distributør og verksemder som ikkje har slik tilgang, må nytte søknadsskjemaet for å få tilgang til det moderniserte folkeregisteret.

Den som fyller ut skjemaet, må ha Altinn-rolla Avgrensa signeringsrett,  Kontaktperson for NUF eller vere Dagleg leiar.

Rettleiing om roller og rettar finn du på hjelpesidene våre.

Privatpersonar kan ikkje nytte skjemaet.

I skjemaet får du beskjed om å fylle ut opplysningar om verksemda di og kva for ein tilgangspakke du søkjer tilgang til. Du må òg godta eit sett standardvilkår for å få tilgang. Ein sakshandsamar tek imot skjemaet og handsamar søknaden du har sendt inn, og deretter får du ei tilbakemelding på søknaden.

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema. Telefon 800 80 000

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema