Skjemaet blir brukt av personar som ønsker å søke om endring eller stans av utleggstrekk. (det vil seia trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar)
Start tenesteSkjemaet skal brukast når du ønsker å søke om endring eller stans av trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar.
Privatpersonar skal bruke skjemaet.
Skjemaet skal brukast for å fortelje kva for ei endring eller ein stans du søker om, og for å sende inn vedlegg med dokumentasjon som Skatteetaten treng for å behandle søknaden.
Skatteetaten kan pålegge utleggstrekk, det vil seie trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar, for å få inn skatt som du skuldar. Dersom den økonomiske situasjonen din endrar seg, kan du søke om å få endra eller stansa trekket.
Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.
Telefon 800 80 000
Ringer du frå utlandet +47 22 07 70 00