Skjemaet blir brukt av personar som ønsker å søke om endring eller stans av utleggstrekk. (det vil seia trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar)

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast når du ønsker å søke om endring eller stans av trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar.

Privatpersonar skal bruke skjemaet.

Skjemaet skal brukast for å fortelje kva for ei endring eller ein stans du søker om, og for å sende inn vedlegg med dokumentasjon som Skatteetaten treng for å behandle søknaden.

Skatteetaten kan pålegge utleggstrekk, det vil seie trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar, for å få inn skatt som du skuldar. Dersom den økonomiske situasjonen din endrar seg, kan du søke om å få endra eller stansa trekket.

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.

Telefon 800 80 000

Ringer du frå utlandet +47 22 07 70 00

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema