Søknaden kan leverast av dei som representerar upersonlege skattepliktige som til dømes rekneskapsførar, dagleg leiar.
Enkeltpersonføretak kan ikkje bruke denne tenesta.
Søknad om endring av/krav om forskotsskatt for upersonlege skattytarar opnar i byrjinga av januar.
Dette er ei oppgåve der upersonlege skattepliktige (aksjeselskap, verdipapirfond, bankar o.a.) kan søkje om endring av eller krav om forskottsskatt.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeider eller Regnskapsfører uten signeringsrett. Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett, Regnskapsfører lønn eller Regnskapsfører med signeringsrett. Om selskapet er revisorpliktig krevs rolla Revisorrettighet eller
Ansvarleg revisor.
Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Profil. Om du ikkje har desse rollane, må du få nokon som har rollane til å delegere dei til deg.
Du finn meir informasjon på nettsida til Skatteetaten.
Telefon: 800 80 000