ANS, NUF og andre organisasjonsformer kan bruke dette skjemaet til å søkje om betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale. 

Dagleg leiar i eit AS, eventuelt andre med fullmakt til å forplikte bedrifta til betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale, kan logge inn på Mi side på skatteetaten.no og søkje om ein betalingsavtale gjennom tenesta «Krav og betalingar».

 

Start teneste

Om denne tenesta

Du bruker skjemaet for å søkje om betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale når det ikkje er mogleg å betale ved forfall. Vilkåra for å få innvilga ein betalingsavtale er svært strenge. Det er viktig at du gjer deg kjend med vilkåra og annan informasjon om betalingsavtalar før du søkjer.  

Les meir om betalingsavtalar på skatteetaten.no

Ny, digital løysing for AS

AS kan søkje om betalingsavtalar via tenesta «Krav og betalingar» på Mi side på skatteetaten.no. 

 

 

 

 ANS, NUF

For å signere og sende inn skjemaet treng du ei av desse rollene:

dagleg leiar

avgrensa signeringsrett

Om du ikkje har rolla "avgrensa signeringsrett", må du få nokon som har rett til å delegere den ønskte rolla til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Her kan du sjå kven som har rollene førehandstildelt. 

 

 

Skatteetaten stansar ikkje innkrevjinga medan søknaden din blir behandla. Merk at det blir lagt til forseinkingsrenter på 12,5 prosent frå forfallsdatoen og fram til kravet er betalt. Vi oppmodar deg om å byrje å betale i dag.

Svar på søknaden blir sendt til verksemda sin innboks i Altinn.

Treng du hjelp?

Om du har spørsmål til utfyllinga av skjemaet kan du kontakte skatteetaten på telefon 800 80 800.

 

 

 

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.

Telefon 800 80 000

 

Åpne kontaktskjema