Kommunar, fylkeskommunar og nokre typar private og ideelle verksemder kan krevje refusjon for meirverdiavgift dei har betalt.
Det er berre mogleg å sende inn krav om kompensasjon innanfor fristane nemnd nedanfor. Etter fristen kan det berre gjerast endringar på ei tidligare innsending (på korrigert melding), beløpet må være lågare enn den tidlegare meldinga (altså ei minking av kravet) og revisor skal ikkje attestere.
Rakk du ikkje fristen, kan kravet tas med i ei kompensasjonsmelding for neste termin. Ein ny termin opnar ca. 40 dagar før fristen.
Innlevering kvar annan månad til følgjande fristar:
Meldinga kan leverast av kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, barnehagar, kyrkjeleg fellesråd, sokneråd, private og ideelle verksemder som utfører dei lovpålagde oppgåvene til kommunen innan helse, sosial og undervisning.
Du kan fylle ut og sende til attestering med ei av desse Altinn-rollene:
Dersom du har ei av desse rollene, kan du fylle ut kompensasjonsmeldinga, men ikkje sende til attestering:
Attestering krev rolla Ansvarleg revisor eller Revisorattesterar - MVA kompensasjon.
Les meir om roller og rettar.