Om denne tenesta

Elektronisk søknad skal sendast til REK.

Føretak som skal opprette forskingsbiobank òg biobank som skal overføre biobankmateriale til utlandet.

Krav om vedlegg vil følgje det enkelte skjemaet.

Alle meldingar om oppretting av forskingsbiobankar skal bli vurdert av ein regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). REK skal melde alle forskingsbiobankar vidare til Biobankregisteret.

Ein biobank eller delar av ein biobank kan berre bli sendt ut av landet etter godkjenning frå departementet, og i samsvar med samtykke frå givaren av materialet.
Departementet kan stille vilkår om at materialet blir øydelagt eller blir sendt tilbake etter bruk.

Unntak kan bli gjort når det av omsyn til alminneleg internasjonalt samarbeid kan synast forsvarleg og formålstenleg, og biobankmaterialet blir utnytta til det beste for individet og samfunnet.

Krav til søkjar:

Kvar forskingsbiobank skal ha ein ansvarshavande person med medisinsk eller biologisk utdanning av høgare grad. Den forskingsansvarlege skal utpeke ansvarshavande.

Formål

Formålet med biobankregisteret er å gi informasjon og oversikt over eksisterande biobankar, gjere det enklare å føre kontroll med at verksemda driv forsvarleg og i samsvar med lova, auke moglegheitene til å koordinere den faglege verksemda, rydde oppi gamle og utdaterte biobankar.

Åpne kontaktskjema