Bruk dette skjemaet dersom du skal be om publisering av ein europeisk patentsøknad (EP-søknad), eller når du skal validere eit europeisk patent (EP-patent). Ein EP-søknad er ein søknad om patent som er levert til det europeiske patentverket (EPO); eit EP-patent er eit patent som er meddelt av EPO.
Start tenesteFrist for innlevering er innan tre månader frå den dagen EPO publiserte patentet.
Ved feilinnsending kan lenka ”lag ny kopi" i meldingsboksen brukast.
Alle som har ein søknad / ei meddeling i EPO og som har fått eit publiseringsnummer (eksempelvis EP2345678), kan sende inn dette skjemaet.
Dersom den som søkjer er representert ved ein fullmektig, kan denne sende inn søknaden på vegner av søkjaren. Innsendaren vil også bli registrert som avsendar av søknaden i samsvar med «arkivlova».
Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.
Korleis gje rettar til andre
Validering av EP-patent
Når det europeiske patentet ditt har blitt meddelt (registrert) av European Patent Office (EPO), kan det validerast / bli gjort gyldig i Noreg. Når patentet er offentleggjort i Noreg, blir det behandla på same måte som om det hadde vore eit nasjonalt patent.
Publisering av EP-søknader
Dette er ei gratis teneste som gir deg eit provisorisk patentvern ved at Patentstyret kunngjer krava i databasen vår før søknaden er meddelt i EPO.
Betaling og kvittering
Skjemaet gir deg høve til å betale søknadsgebyret ved levering. Kvittering for betalinga finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.
Søknaden din blir offentleg
Søknaden din og alle dokument knytte til den vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.
Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00
E-post: post@patentstyret.no