Rekneskapsskjema for førehandsgodkjende organisasjonar (LT-R-001)
Frivillige organisasjonar og kringkastarar skal rapportere samla inntekter og utgifter, samt overskot frå eventuelle pengespel. De pliktar å rapportere sjølv om organisasjonen ikkje tilbydde eller tok i mot overskot frå pengespel i rapporteringsåret.
Kva tid skal skjemaet brukast?
Skjema er ope for rapportering i løpet av februar kvart år. Fristen for å rapportere er 1. juni.
Kven skal bruke skjemaet?
Skjemaet skal brukast av alle frivillige organisasjonar (ikkje-fortenestebaserte) og kringkastarar som er godkjende per 31. desember i rapporteringsåret. De skal rapportere sjølv om organisasjonen ikkje tilbydde eller tok i mot overskot frå pengespel i rapporteringsåret. Organisasjonar som ikkje rapporterer, risikerer å miste godkjenningea og ev. løyve til pengespel.
Det er organisasjonen sine samla drifts- og finansinntekter og drifts- og finansutgifter for rapporteringsåret, som skal sendast inn til Lotteritilsynet. I tillegg skal overskot frå eventuelle pengespel spesifiserast.
I skjemaet skal du gi kort forklaring på korleis inntektene fra eventuelle pengespel er nytta.
Ved avvikende rekneskapsår, skal du rapportere frå reknskapen som vart avslutta i rapporteringsåret.
For å fylle ut og sende inn skjema, må du ha delegert ein av to tilgangspakkar fra organisasjonen du representerer. Enkelte roller i Einingsregisteret har desse tilgangspakkane automatisk tildelt (t.d dagleg leier og styreleiar). I tillegg har dei som har rolla styremedlem for organisasjonen tilgang, uavhengig av om dei har delegert tilgangspakken eller ikkje.
Våre skjema inngår i tilgangspakkane
- Lotteri og spill
- Sport og fritid
Det er styreleiar eller nokon andre med rettar for tilgangsstyring i organisasjonen som må delegere tilgangspakke.
Dersom du har spørsmål om tilgangspakkar, kan du lese meir på Altinn sin nettsider: Altinn - Hjelp
Hva skal eg leggje ved?
Det er ingen vedlegg i rapporteringa. Du skal berre rapportere nøkkeltala vi ber om i skjema. Vi vil be om meir dokumentasjon dersom organisasjonen blir plukka ut til etterkontroll.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Alle organisasjonar som er førehandsgodkjende etter pengespelforskrifta §§ 38 og 39, skal føre rekneskap. Dei skal kvart år sende inn rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet, jf. § 42 første ledd i pengespelforskrifta (Forskrift om pengespill (pengespillforskriften) - Lovdata)
Organisasjonar som har tilbydd eller mottatt overskot frå lotteri, bingo, pengespel på skip, poker, basar, åresal, lynlotteri eller andre pengespel, skal gi ei kort utgreiing for korleis inntektene frå pengespela blei disponert i rekneskapsåret.
Når du har sendt inn skjemaet, vil organisasjonen motta ei kvittering frå Altinn som bekreftar at opplysningane er sendt til Lotteritilsynet.
Korleis veit de at de har sendt inn riktig?
Du vil få ei kvittering frå Altinn som stadfestar at opplysningane er sendt til Lotteritilsynet.
I Pengespelregisteret kan du søke opp organisasjonen din og sjå om skjemaet er registrert. Dette finn du under nedtrekksmenyen «Rekneskapsopplysningar frå organisasjonen»
Telefon: 57 82 80 00
Epost: postmottak@lottstift.no