Søknadsskjema til Lotteri- og stiftelsestilsynet (LS-0002)
Skjema for å søke om løyve eller godkjenningar etter pengespelregelverket.
Kva tid skal ein bruke skjema?
Du skal bruke skjemaet når du skal søke om:
- godkjenning som medhjelpar
- løyve til lotteri med brutto omsetning over 200 000 kroner og inntil 100 millionar kroner
- løyve til bingo med medhjelpar
- løyve til bingo uten medhjelpar
- løyve til radio- og/eller TV-bingo
- godkjenning av bingolokale
Skjema for søknad om førehandsgodkjenning av frivillige organisasjonar (ikkje-fortenestebaserte) og kringkastarar, finn du på Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt nettstad.
Kven skal bruke skjemaet?
Du kan bruke skjemaet dersom du er:
- Frivllig organisasjon
- Krinkastar
- Medhjelpar
For å fylle ut og sende inn skjema, må du ha delegert ein av to tilgangspakkar frå organisasjonen du representerer.
Enkelte enhetsregisterroller har desse tilgangspakkane automatisk tildelt (for eksempel daglig leder og styreleder).
I tillegg har dei som har enhetsregisterrollen styremedlem for organisasjonen tilgang, uavhengig av om dei har delegert tilgangspakken eller ikkje.
Våre skjema inngår i tilganspakkane:
- Lotteri og spill
- Sport og fritid
Det er styreleiar eller nokon andre med rettar for tilgangsstyring for organisasjonen, som må delegere tilgangspakke.
Dersom du har spørsmål om tilgangspakkar, kan du lese meir på Altinn sine nettsider: Altinn - Hjelp
Kva skal eg leggje ved?
Kva slags vedlegg vi krev, er avhengig av kva du søker om. Ut frå vala du gjer undervegs i skjemaet, kjem det opp ei oversikt til slutt i skjemaet over kva vedlegg du må sende inn.
Vedlegg kan også ettersendast. Oppgi då kva saksnummer vedlegget gjeld (det står i kvitteringa du mottar på innsendt søknad).
Kvifor skal skjemaet brukast?
Lover og reglar knytt til desse pengespela, er forankra Lov om pengespill (pengespilloven) - Kapittel 4. Pengespilltilbud fra andre enn enerettstilbyderne - Lovdata. Det er Lotteritilsynet som forvaltar regelverket.
På nettstaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet kan du lese meir om kvifor du må søke og kva reglar som gjeld.
Meir om skjemaet
Søknadsskjemaet inneheld fleire tenester. Du må velje den aktuelle tenesta du ønsker å søke. Skjemaet vil tilpasse seg med aktuelle felt som skal fyllast ut.
Korleis veit du at det er sendt inn riktig?
Du vil få ei kvittering frå Altinn som stadfestar at opplysningane er sendt til Lotteritilsynet.
Telefon: 57828000
Epost: postmottak@lottstift.no