Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Landbruksdirektoratet
  4. Endre medlemar i siidaandelen

Endre medlemar i siidaandelen

Du kan gjere endringar i medlemane i siidaandelen gjennom heile året.
Sjå meir informasjon på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Når skal skjemaet brukast?

Når du leverer melding om reindrift for eit reindriftsår, må du ha oppdatert kven som per 31. mars var medlem i siidaandelen. Dersom du gjer endringar etter at meldinga om reindrift er sendt inn, vil desse visast i meldinga for neste år.

Kven skal bruke skjemaet?

Det er leiaren av siidaandelen som skal levere melding om reindrift, og som dermed også har ansvar for at oversikta over medlemar er korrekt.  

Delegering

  Du kan delegere retten til å endre medlemar i siidaandelen til ein annan person eller eit rekneskapsfirma. Rettleiing om delegering finn du på nettsidene til Altinn. Merk at du framleis har ansvar for informasjonen som blir meldt inn, og at personen med delegert rett også får tilgang til å levere melding om reindrift og søkje om tilskot til siidaandelar og reinlag på vegner av siidaandelen.