Serveringsløyve
Den som skal etablere og drive serveringsstad der det føregår servering av mat og/eller drikke, må søke serveringsløyve hos den aktuelle kommunen før verksemda kan starte.
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet blir brukt når du skal etablere eller overta ein serveringsstad med mat og/eller drikke. Søknaden skal du sende til kommunen der serveringsstaden skal drivast, og søknaden må vere innvilga før verksemda startar.
Kven skal bruke skjemaet?
Alle som skal etablera og driva serveringsstad med mat og/eller drikke. Krav om serveringsløyve kan mellom anna også gjelde for mobile serveringsstader som foodtruck og matvogn. Det er kommunen der verksemda blir driven som vurderer om det er krav om løyve i det enkelte tilfellet.
Kva skal eg leggje ved?
Krava går fram av serveringslova § 8. Det er lurt å skaffe seg oversikt over krava før du startar utfyllinga.
Søknaden skal innehalde:
- namn og adresse på den for som skal drive serveringsstaden for si regning, og opplysning om organisasjonsnummer og eigarsamansetning dersom driver er ein juridisk person
- oppgi den staden kor serveringsverksemda skal drivast
- namn og adresse på dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda
- dokumentasjon på bestått etablerarprøve
- skatteattest for den for som skal drive serveringsstaden for si regning.
Dersom kommunen finn det påkravd, kan det i tillegg krevjast framlagt følgjande dokumentasjon:
- leiekontrakt
- finansieringsplan
- driftsbudsjett
- likviditetsbudsjett
Kvifor skal skjemaet brukast?
Meir om skjemaet
Løyva gjeld etablering og drift av serveringsstader der et føregår servering av mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for at det skal etast/drikkast på staden.
Kriterier/vilkår
Dagleg leiar for serveringsstaden må bestå ein etablerarprøve for å dokumentere naudsynte kunnskapar om økonomistyring og om lovgjeving av betyding for drift av serveringsstader.
Løyvesøkjar, daglig leder og personar som har vesentleg innverknad på verksemda må ha vist uklanderleg vandel.
Merknader
Det er krav om løyve før oppstart av serveringsstaden. (Ved overdraging av serveringsstaden fell serveringsløyva bort dersom ny eigar ikkje søkjer om løyve innan 30 dagar etter at overdraginga blei avtalt.)
For å kunne drive serveringsverksemd, må søkjaren i tillegg mellom anna registrere verksemda hos Mattilsynet, og bygningen må vere godkjent av dei kommunale bygningsstyresmaktene. Det må til dømes foreligge godkjent bruksendring dersom bygningen er regulert til andre formål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylt.
Det foreligg ikkje skjemaplikt, men opplysningsplikt til kommunen ved:
• Skifte av dagleg leiar.
• Endringar i personkretsen: daglig leder, løyvehavar, personar som har vesentleg innverknad på verksemda etter § 6 jf. § 7.
• Innstilt drift av serveringsstad.
Saksbehandlingstid
Reglar om saksbehandlingstid kjem fram av § 10. Kommunane skal ta stilling til løyvesøknaden så raskt som mogleg og seinast innan 60 dagar.
Kommunen skal så raskt som mogleg gi søkjaren eit førebels svar med opplysning om den fristen som gjeld for saksbehandlinga og om klagerett.
Saksbehandlingsfristen blir rekna frå det tidspunktet då søkjaren har gitt kommunen all nødvendig dokumentasjon.
Gebyr
Serveringslova inneheld ingen krav til gebyr for søknadsbehandlinga.
Etter forskrift om etablerarprøve for dagleg leiar av serveringsstad § 7, jf. serveringslova § 5, kan kommunen krevje eit forskotgebyr på inntil kroner 400,- for å avleggje etablerarprøva, under dette òg forsøk på å avleggje prøve.
Klagerett
Vedtak treft av kommunen kan klagast på til statsforvaltaren, jf. § 27. Reglane i forvaltningslova (kapittel 6) gjeld for klagebehandlinga.