Melding av lokale for frisør- og hudpleieverksemd

Lokale som skal nyttast til frisør- og hudpleievirksomhet skal tilfredsstilla krava i forskrift om hygienekrav for frisørverksemd mv. og blir meldt til kommunen før dei blir i bruk tatte.

Om denne tenesta

Melding skal sendast til kommunen.

Kommunane har ulike krav til vedlegg. Kontakt den aktuelle kommunen for nærmare informasjon.

Kriterium/vilkår:

Lokala skal vere utforma, innreidde og utstyrte på ein slik måte at reingjering, desinfeksjon/sterilisering og oppbevaring av utstyr kan skje på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å førebyggje overføring av smittsame sjukdomar.

Lokala skal ikkje nyttast til anna verksemd eller aktivitet som kan innebere ein hygienisk risiko, og kan heller ikkje lånast eller leigast ut til slik verksemd. Innreiinga og utstyret skal tilpassast etter kor mange personar som oppheld seg i lokala samt omfanget og arten av verksemda.

Lokale som skal nyttast til frisørverksemd, visse typar massasje- og anna hudpleieverksemd, skal tilfredsstille krava i forskrift om hygienekrav for frisørverksemd mv. § 5 første og andre ledd, og meldast til kommunen før dei vert tekne i bruk.

Merknadar:
Lokale som skal nyttast til frisør- og hudpleieverksemd skal meldast til kommunen før dei vert tekne i bruk. Dersom verksemda også driv tatoverings- eller høltakingsverksemd, skal lokala ikkje meldast, men godkjennast av kommunen. Sjå "Godkjenning av lokale for tatoverings- og hòltakingsverksemd."

Kva kommune skal du søke i?

Åpne kontaktskjema