Alle som skal drive med tatoverings- og holtakingsverksemd må søkje om å få lokala godkjende før dei kan starte opp. Her finn du informasjon om søknaden og kva for krav som vert stilte til søkjaren.
Kommunane har ulike krav til vedlegg. Kontakt den aktuelle kommunen for nærare informasjon.
Kriterium/vilkår:
Lokala skal vere utforma, innreidd og utstyrt på ein slik måte at rengjøring, desinfeksjon/sterilisering og oppbevaring av utstyr kan skje på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å førebyggje overføring av smittsame sjukdomar. Lokala skal ha innlagt vatn og tilstrekkeleg med vaskeservantar tilpassa arten til og storleiken på verksemda.
Lokalene skal ikkje nyttast til anna verksemd eller aktivitet som kan innebere ein hygienisk risiko, og kan heller ikkje lånast eller leiast ut til slik verksemd. Innreiinga og utstyret skal tilpassast omfanget og arta av verksemda, samt kor mange personar som oppheld seg i lokala.
Saksbehandlingstid:
Saksbehandlingstida er 3 mnd.
Tenestelovas §11 anna ledd om at løyve blir rekna som gitt når saksbehandlingstida er gått ut gjeld ikkje for godkjenning av lokale for tatoverings- og holtakingsverksemd.
Gebyr:
Det krevst ikkje gebyr for denne typen søknad.
Klagerett:
Statsforvalteren avgjer klager på vedtak frå kommunen etter Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v. §11 og etter Lov om folkehelsearbeid § 19.