Løyve til å vere advokat ved Høgsterett

Den som ønskjer å føre saker for Høgsterett må oppfylle ei rekkje vilkår. Når vilkåra er oppfylte må ein bestå ein prøve som består av to munnlege saker før løyve kan innvilgast. Nedanfor finn du nærmare informasjon om prosessen.

Om denne tenesta

Erklæring frå Tilsynsrådet for advokatverksemd om at vedkommande kan få løyve dersom prøven blir bestått, må sendast Høgsterett før prøva blir avlagt.

Kriterium/vilkår:

For å få løyve til å være advokat ved Høgsterett må søkjaren godtgjere:

1. at vedkommande har advokatløyve,

2. at vedkommande har vore i verksemd

a. i minst eitt år som advokat, eller

b. i minst tre år i stilling som nemnt i § 220 andre ledd nr. 2. § 220 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande. Av desse tre år må minst to år ha vore som advokatfullmektig. For den som i minst to år har vært i verksemd som statsadvokat eller fullmektig hos riksadvokaten, er eitt år som advokatfullmektig tilstrekkeleg.

3. at vedkommande har vist seg skikka for sakførsel ved Høgsterett ved ei prøve avlagt for Høgsterett, jf. andre og tredje ledd.

Merknader:

Den som vil avleggje prøve, må sende Høgsterett sitt kontor ei erklæring frå Tilsynsrådet for advokatverksemd om at vedkommande kan få løyve dersom prøva blir bestått. Prøva omfattar utføringa av to munnlige saker. Minst ein av desse må vere ei sivil sak for den ankande parten, med mindre Høgsterett sitt ankeutval av særlege grunnar gjev tillating til anna. For statsadvokat og fullmektig hos Riksadvokaten kan ei straffesak godkjennast som prøvesak sjøl om vilkåra etter første ledd nr. 1 og 2 ikkje er oppfylt. I same sak kan det bare vere ein prøveadvokat, med mindre Høgsterett sitt ankeutval av særlege grunnar gjer løyve til anna.

Avgjerda av om prøva er bestått, treffest vert treft av den dømande retten. Etter fast praksis er det klare utgangspunktet at ein advokat som ikkje består ei av prøvesakene, vert rekna for å ha stroke til prøven. Stadfesting på at prøven er bestått, vert utferda av justitiarius. Den søkjaren som ikkje består prøva, kan ikkje få høve til å avleggje ny prøve før to år er gått frå retten si avgjerd. Ingen kan avleggje prøve meir enn to gangar.

Saksbehandlingstid:

Søknad blir sett fram overfor Høgsterett i brev, og må innehalda opplysningar som stadfestar at vilkåra er oppfylte. Det finst ikkje noko eige skjema.

Saksbehandlingstida er i utgangspunktet inntil to veker.

Gebyr:

Det blir betalt ikkje særskild gebyr.

Klagerett:

Det er klagerett over saksbehandlingsfeil. Klaga blir sett fram i eige brev overfor Høgsterett innan tre veker, jf. forvaltningslova § 29

Kontaktinformasjon

Norges Høyesterett

E-post: post@hoyesterett.no

Telefon: 22 03 59 00

Åpne kontaktskjema