Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Høyesterett
  4. Løyve til å vere advokat ved Høgsterett

Løyve til å vere advokat ved Høgsterett

Den som ønsker å føre saker for Høgsterett må oppfylle ei rekkje vilkår. Når vilkåra er oppfylte må ein bestå ein prøve som består av to munnlege saker før løyve kan innvilgast. Nedanfor finn du nærmare informasjon om prosessen.

Kva skal eg leggje ved?

Erklæring frå Advokattilsynet om at vedkommande kan få løyve dersom prøven blir bestått, må sendast Høgsterett før prøva blir avlagt.

Kvifor skal skjemaet brukast?
Meir om skjemaet

Kriterium/vilkår:

For å få løyve til å være advokat ved Høgsterett må søkaren godtgjere:

1. at vedkommande har advokatløyve,

2. at vedkommande har vore i verksemd

a. i minst eitt år som advokat, eller

b. i minst tre år i stilling som nemnt i advokatlova § 4 første ledd bokstav b.

3. at vedkommande har vist seg skikka for sakførsel ved Høgsterett ved ei prøve avlagt for Høgsterett. Minst to av dei tre åra nemnt i første punktum nr. 2 bokstav b skal ha vore som advokatfullmektig. For den som i minst to år har vore i verksemd som statsadvokat eller fullmektig hos riksadvokaten, er eitt år som advokatfullmektig tilstrekkeleg.

Merknader:

Den som vil avleggje prøve, må sende Høgsterettsjustitiarius ei erklæring frå Advokattilsynet om at vedkommande kan få løyve dersom prøva blir bestått. Prøva omfattar utføringa av to munnlige saker. Minst ein av desse skal vere ei sivil sak for den ankande parten, med mindre Høgsterett sitt ankeutval av særlege grunnar gjev tillating til anna. For statsadvokatar og fullmektigar hos Riksadvokaten kan ei straffesak godkjennast som prøvesak sjøl om vilkåra etter domsstollova § 218 første ledd ikkje er oppfylt. I same sak kan det bare vere ein prøveadvokat, med mindre Høgsterett sitt ankeutval av særlege grunnar gjer løyve til anna.

Avgjerda av om prøva er bestått, treffest vert treft av den dømande retten. Etter fast praksis er det klare utgangspunktet at ein advokat som ikkje består ei av prøvesakene, vert rekna for å ha stroke til prøven. Stadfesting på at prøven er bestått, vert utferda av justitiarius. Den søkaren som ikkje består prøva, kan ikkje få høve til å avleggje ny prøve før to år er gått frå retten si avgjerd. Ingen kan avleggje prøve meir enn to gangar.

Saksbehandlingstid:

Søknad blir sett fram overfor Høgsterett i brev, og må innehalda opplysningar som stadfestar at vilkåra er oppfylte. Det finst ikkje noko eige skjema.

Saksbehandlingstida er i utgangspunktet inntil to veker etter avslutta ankeforhandling.

Gebyr:

Det blir betalt ikkje særskild gebyr.

Klagerett:

Avgjerd om at prøvesaka ikkje er bestått blir treft av den dømmande retten på bakgrunn av advokaten sin prestasjon i skranken. Vurderinga bygger på direkte observasjon og er gjort kort tid etter ankeforhandlinga av dei dommarane som deltok i saka.
Avgjerda om at prøvesaka eller prøveomgangen ikkje er bestått, kan som hovudregel ikkje angripast ved klage eller krav om omgjering.

Norges Høyesterett

E-post: post@hoyesterett.no

Telefon: 22 03 59 00