Skjemaet leverast innan 1. oktober kvart år.
Akvakulturanlegg som har matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk skal bruke tenesta. Mottakarar av tenesta er Fiskeridirektoratet og Mattilsynet
For å få tilgang til denne tenesta treng du Altinn-rolla "Utfyller/innsender", "Privatperson", "Basisrolle" eller "Primærnæring og næringsmiddel". Tilgang til tenesta er delegerbar til organisasjon og person.
Krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
I høve til Akvakulturdriftsforskrifta § 40 skal driftsplan for matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk, for dei neste to kalenderåra, sendast til Fiskeridirektoratet sine regionkontor for godkjenning. Innsendinga skal gjerast innan 1. oktober
Fiskeridirektoratet svarer på faglige spørsmål om skjemaet.
Telefon 03495 eller e-post: postmottak@fiskeridir.no