Dette skjema skal nyttast ved søknad om:

Start teneste

Om denne tenesta

Søknadsskjemaet skal kun nyttast for personleg søknad om konsesjon, inkludert personar som ønskjer konsesjon på grunnlag av yrkeskvalifikasjon frå utlandet. Søknadsskjemaet gjeld kun søkjare som har norsk ID (fødselsnummer eller D-nummer).

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar. Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring.

Kva vedlegg som er nødvendige kjem fram i skjemaet og av rettleiing på Finanstilsynet sin nettstad. Om det er nødvendig å ettersende dokumentasjon, kan KRT-1060 (Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet) nyttast.

Sjå informasjon om vilkår for konsesjon på Finanstilsynet sine nettstader:

Informasjon om personlig konsesjon som eiendomsmegler (eiendomsmeglingsbrev)

Informasjon om personlig inkassobevilling

Informasjon om personlig konsesjon som statsautorisert revisor

Informasjon om personlig konsesjon hvis du har revisorkvalifikasjoner fra EU/EØS-land, Sveits eller Storbritannia

Informasjon om personlig konsesjon som regnskapsfører hvis du har kvalifikasjoner som ekstern regnskapsfører fra EU/EØS-land, Sveits eller Storbritannia

Gebyr:
For behandling av søknad om personleg inkassobevilling blir det fakturert eit gebyr på fire gonger rettsgebyret. Per no er det på 5.108 kroner.

Det er ikkje behandlingsgebyr for å søkje om konsesjon som statsautorisert revisor.

Saksbehandlingstid:

Finanstilsynet har som mål å handsame søknader om konsesjon innan 30 dagar. Det kan ta lengre tid dersom søknaden er kompleks eller manglar dokumentasjon. Handsamingstida kan òg bli lengre dersom det er mange saker til handsaming. Enkelte kan derfor oppleve lengre handsamingstid enn 30 dagar.

Klagerett:

Finanstilsynets vedtak kan klagast på innan tre veker etter at vedtaksbrevet er motteke. Klagen sendast til Finanstilsynet. Klageinstansen er Klagenemnda for revisor-, rekneskapsførar- og inkassosaker og Finansdepartementet. Søkjaren har rett til å gjere seg kjend med sakas dokument innanfor rammene av forvaltningslova §§ 18 til 19. Klaga må nemne kva for eit vedtak det vert klaga over, kva for endring som ønskast og dei grunnane klaga støttar seg til. Finanstilsynet gjer dei undersøkingane som klaga gjev grunn til, og oversende klaga til klageinstansen dersom avslaget vert oppretthalde, jf. forvaltningslova § 33.

Spørsmål om skjemaet?

Send e-post til post@finanstilsynet.no, benytt Altinn-skjemaet KRT-1060 (Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet) eller kontakt oss på telefon:

  • Revisorgodkjenning: 22 93 99 92
  • Eiendomsmeglerbrev: Kristin Stokkebø, 22 93 98 08
  • Inkassobevilling: Stein Tore Næprud, 22 93 98 07

Kontaktinformasjon

Finanstilsynet
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo

E-post: post@finanstilsynet.no
Telefon: 22 93 98 00.

Besøksadresse: Revierstredet 3, 0151 Oslo

Åpne kontaktskjema