Forsikrings- og pensjonskasser skal gje melding til Finanstilsynet om livsforsikringsprodukt som blir tilbode av føretaket, og om pristariffar og prinsipp for utforming av desse. Meldeplikta gjeld også innskotspensjonsføretak, forvaltningsselskap for verdipapirfond og banker som tilbyr pensjonssparing etter lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold.

Meldeplikta er laupande og meldingar skal sendast inn fyrste gong eit livsforsikrings- eller pensjonsprodukt blir marknadsført eller solgt og når pristariffane blir tekne i bruk. Det same gjeld ved produktendring eller endring av pristariff.

Dette skjemaet skal nyttast som forside til rapporteringa. Fullstendig produkt- eller pristariffmelding, i samsvar med krava til slike meldingar, skal gjevast som vedlegg til skjemaet.

Plikta til å gje melding og dei næraste krava til slike meldingar følgjer av forsikringsvirksomhetsloven § 3-7 og forskrift om livsforsikring mv. §§ 2-8 til 2-10. For innskotspensjonsordningar og pensjonskapitalbevis følger meldeplikta også av forskrift om innskuddspensjonsordninger §§ 4 og 5.

Start teneste

Om denne tenesta

Laupande rapportering.

Forsikringsføretak og pensjonsføretak som tilbyr livsforsikrings- og pensjonsprodukt.

Innskotspensjonsføretak, forvaltningsselskap for verdipapirfond og bankar som tilbyr pensjonssparing etter lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold.

For å fylle ut skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rett. Om du ikkje har desse rollene, må du få dei delegert til deg frå nokon som har.

Skjemaet gjev kun ei oversikt over innhaldet i meldinga og skal alltid bli supplert med utfyllande informasjon i vedlegg.

Spørsmål om skjemaet?

Følgende personer kan kontaktes ved spørsmål om utfylling:

Seniorrådgiver Pål Nicolai Henriksen, Tlf.: 22 93 96 40, panh@finanstilsynet.no

Senior tilsynsrådgiver Trond Brun-Gulbrandsen, Tlf. 22 93 98 45, tbg@finanstilsynet.no

Åpne kontaktskjema