Om denne tenesta

 

29. august for oppgaven for første halvår
30. januar for oppgaven for andre halvår

 

Rapporteringsplikta gjeld for norske forvaltingsselskap og AIF-forvaltarar med løyve gitt av Finanstilsynet (inkludert eventuelle filialar av slike), samt norske filialar av utanlandske forvaltingsselskap og AIF-forvaltarar.

 

KRT-1009-1 inneheld ei revisorerklæring, og har to-trinns signering.

For å fylle ut og sende inn skjemaet KRT-1009-1 må først føretaket fylle ut skjemaet, og ein med rolla Utfyller/innsender må signere på første trinn. Deretter må ein person med rolla Ansvarleg revisor  stadfeste revisormeldinga i del 3C ved å signere andre trinn og sende inn skjemaet.

KRT-1009-2 inneheld ikkje revisormelding, så for å fylle ut og sende inn skjemaet KRT-1009-2 treng du berre Altinn-rolla Utfyller/innsender.

Om du treng rettleing kan du sjå hjelpesider for roller og rettar.

Legg ved kopi av dokument som gjeld stemning, forliksklage eller liknande.

Viss merknadsfelta har for liten plass (255 teikn) kan du sende inn teksten som vedlegg.

Kvartalsoppgåva blir innhenta med heimel i lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynsloven)
§ 4 nr. 3, jf. § 1 nr. 13
, verdipapirforskriften §11-1 og AIF-forskriften §3-4.

Halvårsoppgåva gir Finanstilsynet ein oversikt over omfanget av verksemden til føretaka og deira økonomiske utvekling siste halvår.

KRT-1009 inneheld opplysningar om sjølve forvaltingsselskapets eller AIF-forvaltarens verksemd. Skjema KRT-1011 (verdipapirfond) eller KRT-1160 (AIFMD-fond) inneheld opplysningar om verksemden i kvart enkelt fond føretaket forvaltar.

KRT-1009 fins i to utgåver:

- KRT-1009-1 som skal leverast av norske forvaltningsselskap og AIF-forvaltarar for første halvår. Oppgåva inneheld ein integrert revisorerklæring, og både føretaket og ansvarleg revisor må signere oppgåva før den kan sendast inn.

- KRT-1009-2 som skal leverast av norske forvaltingsselskap og AIF-forvaltarar for andre halvår. Norske filialer av utanlandske forvaltingsselskap og AIF-forvaltarar skal levere KRT-1009-2 for både første og andre halvår.

Viss førebelse tal er nytta for å nå Finanstilsynets fristar skal ny halvårsoppgåve sendast med dei endelege tala for halvåret om det er vesentlege avvik (mellom førebels og endeleg rekneskap) på resultat eller eigenkapitalpostar i halvårsoppgåva.

Mål om redusert rapporteringsbør

Med sikte på å redusere rapporteringsbøra til føretakene kan opplysningar som blir gitt i dette skjema i samhold av lov om Oppgaveregisteret §§ 5 og 6, heilt eller delvis bli nytta også av andre offentlege organ som har heimel til å hente inn dei same opplysningane. Opplysningar om evt. samordning kan fås ved å kontakte Oppgaveregisteret på telefon 75 00 75 00, eller hos Finanstilsynet på telefon 22 93 98 00.

Spørsmål om skjemaet?

Ved spørsmål om skjemaet, send e-post til vpm-rapportering@finanstilsynet.no.

Åpne kontaktskjema