Kapitaldekningsregelverket skal betra risikostyringa i institusjonane og sørga for betre samsvar mellom risiko og kapital.
Vedlagt dette Altinn-skjemaet skal det vera eit utfylt rapporteringsskjema i XBRL-format. Føretak som leverer forenkla oppgåve kan framleis nytta Excel-format.
Til innboksenKvartalsvis innlevering med frist 12. mai, 11. august, 11. november og 11. februar.
Dersom fristen fell på ein laurdag, søndag eller heilagdag, skal rapporten leverast følgjande arbeidsdag.
Verdipapirføretak, og dessutan forvaltningsselskap for verdipapirfond og forvaltar av alternative investeringsfond (AIFM) som har løyve til å driva individuell porteføljeforvaltning.
For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/innsender.
Du kan sjå kva roller du har for ein aktør her. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegera ho til deg.
Sjå Lov om tilsynet med finansinstitusjonar mv. (finanstilsynslova)
Skjemaene blir innhenta med heimel i lov av 7. desember 1956 nr.1 om tilsyn med finansinstitusjonar m.v., § 4, første ledd nr 3, og vil bli behandla konfidensielt.
Rekneskapsmaterialet kan vera førebels og ikkje nødvendigvis behandla av styret eller bekrefta av revisor. Institusjonane må utfylla skjema(ene) nøyaktig.
Det skal opplysast særskilt dersom talmaterialet ikkje er samanliknbar med førre regnskapsår.
Vedlagt dette Altinn-skjemaet skal det vera eit utfylt rapporteringsskjema i XBRL-format.
Godkjente filtyper for XBRL er *.xbrl og *.zip
Foretak som leverer forenkla oppgåve kan framleis nytta Excel-format.
Excel rapporteringsskjema blir lasta ned frå Finanstilsynets nettsider.
Rapporteringsskjemaet er eit beskytta dokument. Ubeskyttede eller manipulerte vedlegg vil bli avvist i mottaket vårt.
Godkjente filtyper for Excel er *.xlsx og *.xlsm
Send e-post til VPM-rapportering@finanstilsynet.no.
Sjå òg Finanstilsynets nettsider for verdipapirforetak eller forvaltningsselskap og AIF-forvaltere.