For å kunne drive eit rekneskapsførarselskap i Noreg vert det stilt krav til at selskapet er godkjent av Finanstilsynet før verksemda kan ta til. Skjemaet skal nyttas av selskap (ikkje enkeltpersonføretak) som skal starte godkjenningspliktig rekneskapsførselverksemd. Søknad om autorisasjon gjer ein via tenesta Søknad om godkjenning som regnskapsselskap (KRT-1061)
Skjemaet skal nyttas av selskap som kan dokumentere at vilkåra for godkjenning er oppfylde.
Selskapet som søkjer om godkjenning, må vere registrert i Føretaksregisteret.
Eit enkeltpersonføretak er ikkje eit sjølvstendig rettssubjekt, og skal derfor ikkje bruke skjema KRT-1061. Regnskapsføringsverksemd i enkeltpersonføretak drives på grunnlag av innehavars personlege godkjenning. Føretaket må bli registrert i Foretaksregisteret, og må deretter bli meldt til Finanstilsynet via KRT-1060.
Ingen vedlegg er naudsynte.
Kriterium/vilkår:
Det gjeld krav til verksemda etter at godkjenning eventuelt blir tildelt. Mellom anna vert det stilt krav til at selskapet må utnemne ein kvalitetsstyringsansvarleg som har personleg konsesjon som statsautorisert rekneskapsførar. Selskapet skal òg utpeike ein statsautorisert rekneskapsførar som ansvarleg for kvart rekneskapsoppdrag.
Sjå informasjon på nettstaden til Finanstilsynet.
Selskapet må oppfylle følgjande vilkår:
Gebyr:
Det krevst ikkje behandlingsgebyr.
Saksbehandlingstid:
Finanstilsynet har som mål å handsame søknader om konsesjon innan 30 dagar. Det kan ta lengre tid dersom søknaden er kompleks eller manglar dokumentasjon. Handsamingstida kan òg bli lengre dersom det er mange saker til handsaming. Enkelte kan derfor oppleve lengre handsamingstid enn 30 dagar.
Klagerett:
Finanstilsynets vedtak kan klagast på innan tre veker etter at vedtaksbrevet er motteke. Klagen sendast til Finanstilsynet. Klageinstansen er Klagenemnda for revisor-, rekneskapsførar- og inkassosaker. Søkjaren har rett til å gjere seg kjend med sakas dokument innanfor rammene av forvaltningslova §§ 18 til 19. Klaga må nemne kva for eit vedtak det vert klaga over, kva for endring som ønskast og dei grunnane klaga støttar seg til. Finanstilsynet gjer dei undersøkingane som klaga gjev grunn til, og oversende klaga til klageinstansen dersom avslaget vert oppretthalde, jf. forvaltningslova § 33.
Finanstilsynet
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
E-post: post@finanstilsynet.no
Telefon 22 93 98 00.
Besøksadresse: Revierstredet 3, 0151 Oslo