Skjemaet nyttast av AIF-forvaltarar med konsesjon frå Finanstilsynet til å forvalte alternative investeringsfond og registreringspliktige AIF-forvaltarar.

Skjemaet nyttast til rapportering for AIF-forvaltarar.

For meir informasjon sjå Finanstilsynet sine nettsider, samt fagleg og teknisk rettleiing.

 

Til innboksen

Om denne tenesta

For AIF-forvaltarar med løyve frå Finanstilsynet er frekvens for rapportering i hovudsak bestemt av storleiken på samla kapital under forvaltning, jf. reglene i forordning (EU) nr. 231/2013 artikkel 110.

Frist for innsending er anten

·         årleg (31. januar)

·         halvårleg (31. juli og 31. januar)

·         kvartalsvis (31. januar, 30. april, 31. juli og 31. oktober)

For registrerte AIF-forvaltarar (forvaltarar utan konsesjon) er det årleg rapportering med frist for innsending 31. januar.

Feilsending
Lag ein kopi av innsendt skjema og send inn på ny. Til høgre for skjemaet som er sendt inn, under Innboks -> Arkiv, finn du moglegheit for å lage ny kopi.

Skjemaet skal brukast av:

-AIF-forvaltarar med konsesjon frå Finanstilsynet til å forvalte alternative investeringsfond.

- Registreringspliktige AIF-forvaltarar.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon med den til å delegera den til deg.

Om du ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer kan du logge inn med eigendefinert ID (nivå0) – bruk lenka https://www.altinn.no/ui/Authentication/SelfIdentified

 

Ved spørsmål, kontakt AIFMD-rapportering@finanstilsynet.no

Åpne kontaktskjema