Om denne tenesta

Skjemaet AFP arbeidsgiverskjema skal leverast innan 14 dagar etter at det vart publisert i Altinn. Skjemaet AFP-avgjørelse skal arbeidsgjevar bekrefte å ha lest innan 14 dagar etter at det vart publisert.

Har arbeidsgjevar korrigering til skjemaet etter at skjemaet er innsendt, må det sendast direkte til Fellesordningen for AFP.

Arbeidsgjevar skal bruke tenesta når ein av deira arbeidstakarar søkjer Fellesordningen for AFP om avtalefesta pensjon.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Løn og personalmedarbeidar.

Manglar du denne rolla, må du få nokon til å gi den til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Eventuelle vedlegg kan leggast ved.

Avtalefesta pensjon i privat sektor leverast av Fellesordningen for AFP (www.afp.no). Arbeidstakar kan søkje om AFP tidlegast fire månader før ønska uttakstidspunkt, og det må samstundes søkast om alderspensjon.

For å ha rett til AFP må arbeidstakar oppfylle ei rekke vilkår. Ein del av informasjonen Fellesordningen treng for å vurdere om arbeidstakar oppfyller vilkåra, må Fellesordningen få frå arbeidsgjevar.

Tenesta består av to ulike skjema. Det fyrste skjemaet (AFP arbeidsgiverskjema) består av spørsmål som Fellesordningen må ha svar på frå arbeidsgjevar for å kunne fullføre si vilkårsproving. Det andre skjemaet (AFP-avgjørelse) returnerar informasjon om Fellesordningens avgjerd elektronisk til arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar skal så bekrefte å ha lest informasjonen, ved å kontrollere og sende inn skjemaet.

For arbeidsgjevarar som ikkje bruker Altinn finnast det eit papirskjema som kan fyllast ut manuelt og sendast per post til Fellesordningen. Skjemaet ligg på www.afp.no saman med ei brukarveiledning for korleis ein finn skjemaet i Altinn.

Har du spørsmål om tjenesten?

Kontakt Tina Reiner Vestli
E-post: tina.reiner.vestli@afpslv.no
Telefon sentralbord: 22 98 98 00
Telefon direkte: 22 98 91 38

Åpne kontaktskjema