Interesseskjema for medfinansieringsordninga der søkjarar fortel om digitaliseringsbehov i verksemda si. Hensikta er at vi gir deg rettleiing før du sender inn den formelle søknaden.

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast av søkjarar som vil vise interesse for medfinansieringsordninga før Digdir opnar den ordinære søknadsrunden for medfinansieringsordninga. Med løyve i Prop.1. (medio oktober) vil skjemaet publiserast og vere tilgjengeleg for brukarar. Skjemaet vil vere tilgjengeleg for brukarar i tre veker etter publisering.

Statlege verksemder som planlegg å søkje medfinansiering, eller som har ein prosjektidé, men treng rettleiing.


Skjemaet kan leverast av ein privatperson eller på vegner av verksemda. Viss du ønskjer å representere verksemda treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar. Har du ikkje denne rolla på vegner av verksemda må du få delegert tilgang til enkelttenesta «Interesseskjema for medfinansieringsordninga».


Her kan du lese meir om korleis verksemder tildeler roller og rettar i Altinn.

Med dette skjemaet vil statlege verksemder ha moglegheit til å fortelje Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) om digitaliseringsbehovet deira. Hensikta er at Digdir kan gi best mogleg rettleiing før innsending av den formelle søknaden. Interesseskjemaet er også eit godt utgangspunkt for søknaden, sidan mykje av innhaldet kan gjenbrukast. Dette betyr ei forenkling for søkjarar.

Treng du hjelp?

E-post: Finansiering@digdir.no

Åpne kontaktskjema