Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Digitaliseringsdirektoratet
  4. Data.norge.no

Data.norge.no

Data.norge.no er Noreg sin nasjonale portal for deling av data. Her finn du informasjon om opne og beskytta data som verksemdene forvaltar. Portalen gjer det lettare å dele og forstå data på ein felles måte.

Verksemdene publiserer sjølv innhaldet i portalen ved å bruke løysingane for å registrere og hauste data i data.norge.no.  

Når skal tenesta brukast?

Tenesta vert brukt når ei verksemd legg inn nye eller oppdaterer eksisterande beskrivingar av datasett, API, omgrep og tenester i registreringsløysinga, og for å administrere hausteendepunkt som brukast til å hente inn beskrivingane som vert publisert på data.norge.no. (Hausteendepunkt er tekniske adresser som automatisk hentar beskrivingar av verksemda sine data og tenester.)

Kven kan bruke tjenesta?

Du må ha riktig fullmakt i Altinn for å bruke denne tenesta. Tilgang vert gitt enten gjennom ei av dei tre enkelttenestene eller gjennom tilgangspakken.

Enkelttenester:

  • data.norge.no: Lesetilgang til registreringsløysinga
    Tilgangen gjer at brukaren kan lese beskrivingar av datasett, omgrep, API og tenester som verksemda har registrert. Brukar kan også føreslå nye omgrep, eller føreslå endringar på eksisterande omgrep.
  • data.norge.no: Skrivetilgang til registrerings- og hausteløysinga
    Tilgangen gjer at brukaren kan lese, registrere og endre beskrivingar av verksemda sine datasett, omgrep, API og tenester i registreringsløysinga. I hausteløysinga kan brukaren administrere og oppdatere verksemda sine hausteendepunkt.
  • data.norge.no: Verksemdsadministratortilgang til registrerings- og hausteløysinga
    Tilgangen gjer at brukaren kan godkjenne bruksvilkår på vegner av verksemda, bruke administrasjonspanelet, importere omgrep og lese, registrere og endre beskrivingar av datasett, omgrep, API og tenester i registreringsløysinga. I hausteløysinga kan brukaren administrere og oppdatere hausteendepunkt. Vi anbefaler at denne tilgangen vert begrensa til eit fåtal tilsette i verksemda.

Tilgangspakke:

  • Informasjon og kommunikasjon
    Tilgangspakken gir verksemdsadministratortilgang til registrerings- og hausteløysinga.

Tenesta krev innlogging med ID-porten (sikkerheitsnivå 3).

Korleis be om fullmakt?

Viss du allereie har tilgang til ei teneste i den aktuelle verksemda i Altinn, kan du be om fullmakt til enkelttenester. Dette er skildra her: https://info.altinn.no/nn/hjelp/ny-tilgangsstyring/be-om-fullmakt/

Har du ikkje tilgang til ei teneste frå før, må du ta kontakt med nokon i verksemda som kan gi deg nødvendig fullmakt. Som hovudregel er dette dagleg leiar eller leiaren i styret. Dei kan også ha gitt andre anledning til å gi slike fullmakter vidare. Vi anbefaler å avklare med næraste leiar først.

Korleis gi ei fullmakt?