Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Registrering for verksemder i offentleg forvalting (Samordna registermelding)

Samordna registermelding er stengd frå nyttårsaftan kl. 18:00 til og med 4. januar

Vi oppdaterer systema våre til ny einingsregisterlov og føretaksregisterlov som gjeld frå 1. januar. Du kan lese meir om lovendringane på brreg.no.

Du kan ikkje bruke Samordna registermelding til å registrere eller gjere endringar medan arbeidet går føre seg.

Registrering av nye og endring av eksisterande verksemder i offentleg forvalting. Gjeld for organisasjonsformane administrativ enhet, fylkeskommune, kommune, staten og organisasjonsledd.

Kven kan bruke tenesta?

Tenesta kan brukast av alle privatpersonar, men krev at du loggar inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).

Meir om tenesta

Her kan du melde opplysingar til Einingsregisteret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB

Tenesta kan brukast for følgjande organisasjonsformer:

  • Administrativ eining
  • Fylkeskommune
  • Kommune
  • Staten
  • Organisasjonsledd

Signering

Når du skal signere meldinga vil du motta ei signeringsoppgåve i meldingsboksen din i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.

For å signere på vegne av ei verksemd, treng du Altinn-rolla Signerar av Samordna registermelding. Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil, Skjema og tenester du har rett til. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Personvern

Brønnøysundregistra si personvernerklæring.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00