Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Brønnøysundregistrene
  4. Registrere nye og endre eksisterande verksemder - Samordna registermelding

Registrere nye og endre eksisterande verksemder - Samordna registermelding

Her kan du registrere nye verksemder, som til dømes enkeltpersonføretak, foreiningar, aksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeføretak og stiftelsar. Dei aller fleste organisasjonsformene kan bruke denne tenesta.

Du kan òg endre registrerte opplysningar, eller oppløyse og slette verksemda.

 

Skal du starte eit enkeltpersonføretak? Er du godt førebudd på kva dette inneber? 
Sjå oppstartsrettleiaren vår før du går i gang med registreringa.

Kven kan bruke tenesta?

Tenesta kan brukast av alle privatpersonar, men krev at du loggar inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).

Meir om tenesta

Denne tenesta kan du bruke for å melde opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, NAV Aa-registeret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftingsregisteret og Skattedirektoratet sitt register over skattytarar.

Signering

Når du skal signere meldinga, vil du motta ei signeringsoppgåve i innboksen din i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert.  Meir om signering

For å signere på vegner av ei verksemd, treng du tilgangspakken Starte, endre og avvikle verksemd. Om du ikkje har denne, må du få nokon i verksemda til å gi deg denne tilgangen. 

Dei som kan gi tilgangen til å signere på vegner av ei verksemd er: Styreleiar, dagleg leiar, innehavar og deltakar.

Korleis gi fullmakt til tilgangspakkar?

Sjå steg-for-steg-guidar

Opplysningar som ikkje kan meldast

Sjå avgrensingar/opplysningar som ikkje kan meldast elektronisk

Personvern

Brønnøysundregistera si personvernerklæring

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00