Melding til Konkursregisteret
Skjemaet blir brukt av bustyrar for å sende spørsmål om bubehandlinga til Konkursregisteret i tenesta Konkursbehandling.
Når skal skjemaet brukast?
Kven skal bruke skjemaet?
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha skrivetilgang i konkursbuet. Fullmakta blir automatisk tildelt den som er registrert som bustyrar i konkursbuet. Bustyrar kan delegere skrivetilgang til andre tilsette ved advokatkontoret, for eksempel andre advokatar, advokatfullmektigar og sekretærar.
Kva skal eg leggje ved?
Det er ikkje mogleg å laste opp dokument til skjemaet.
Meir om skjemaet
Føremålet med skjemaet er at du på ein enkel måte kan kontakte Konkursregisteret for bestilling av opplysningar eller dokument, gi opplysningar eller ta opp problemstillingar som gjeld konkursbuet.
Opplysningar som kan sendast inn til Konkursregisteret er for eksempel endringar i debitor sine roller.
Dokument som kan bestillast frå Konkursregisteret er for eksempel firmaattest og pantattest eller innrapporteringar i andre konkursbu som er relevante for bubehandlinga.
Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00
