Ei teneste for samhandling mellom bustyrar, kreditor, Konkursregisteret og ande offentlege etatar.

Til innboksen

Om denne tenesta

Det finst tre roller som gir forskjellige rettar for tenesta Konkursbehandling:

  • Konkursbu tilgangsstyring vert tildelt bustyrar og er ei privat rolle. Denne rolla gir rett til å administrere konkursbu. Rolla må delegerast til bustyrar sine medhjelparar for at desse skal få tilgang til buroller enkeltvis og buroller samla under tilgangsstyring. Rolla delegerast berre ein gong frå bustyrar til medhjelpar.
  • Konkursbu skrivetilgang gir bustyrar sine medhjelparar tilgang til å jobbe på vegne av bustyrar i tenesta Konkursbehandling. Denne må delegerast for kvart konkursbu.
  • Konkursbu lesetilgang delegerast til kreditorar og andre som skal ha lesetilgang til det einskilde konkursbuet.

Alle konkursar, tvangsoppløysingar og tvangsavviklingar får registrert eit tilhørande konkursbu i Einingsregisteret. Når konkursbuet er registrert i Einingsregisteret, vert bustyrar sin rolle overført til Altinn, og tenesta Konkursbehandling vert tilgjengeleg i Innboks

Tenesta har to forskjellige visningar. Informasjonen som ligg i tenesta er tilpassa kva ein har rett til å sjå. Bustyrar og andre med skrivetilgang har tilgang til å lese all informasjon og å sende inn ny informasjon via skjema. Personar med lesetilgang har tilgang til å lese den informasjonen dei har rett til å lese.

Når ny informasjon vert lagt ut i tenesta Konkursbehandling vert dei som har rett til å lese han gjort merksame på dette via Innboks.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema