Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Brønnøysundregistrene
  4. Konkursbehandling

Konkursbehandling

Ei teneste for samhandling mellom bustyrar, kreditor, Konkursregisteret og andre offentlege etatar.
Kven skal bruke tenesta?

Det finst to fullmakter til tenesta Konkursbehandling:
Konkursbu skrivetilgang gir medhjelparen til bustyrar tilgang til å arbeide på vegner av bustyrar i tenesta Konkursbehandling. Denne må delegerast for kvart konkursbu. Konkursbu lesetilgang må delegerast til kreditorar og andre som skal ha lesetilgang til det enkelte konkursbu.

Meir om tenesta

Alle konkursar, tvangsoppløysingar og tvangsavviklingar får registrert eit tilhøyrande konkursbu i Einingsregisteret. Når konkursbuet er registrert i Einingsregisteret, blir bustyrar si rolle overført til Altinn, og tenesta Konkursbehandling blir tilgjengeleg i Innboks.

Tenesta har to forskjellige visningar. Informasjonen som ligg i tenesta er tilpassa kva ein har rett til å sjå. Bustyrar og andre med skrivetilgang har tilgang til å lese all informasjon og å sende inn ny informasjon i skjema. Personar med lesetilgang kan sjå informasjon frå Konkursregisteret og bustyrar.

Når ny informasjon blir lagd ut i tenesta Konkursbehandling blir dei som har rett til å lese han gjort merksame på dette i Innboks.

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00